Årestover

I tunet står to gamle årestover. Den eine (1665) er nyrestaurert. Ho er innreidd med bord og benkar, eldstad og ei mengd gamle ting som høyrer til på garden. Ho vert brukt til sosialt samvær, og kan få nyttast av våre gjester om dei ynskjer det.

Den andre årestova var bustadhuset på garden på 1500–1600 talet. Idag nytter me huset til røyking av kjøt og til brygging av vossaøl.