Eenstunet kort fortalt

Eenstunet ligg like ved E-16, 6 km nord for Voss sentrum. Garden vår ligg i vakker vestlandsnatur, med bratte fjellsider som strekkjer seg opp mot Lønahorgi på eine sida, og grøne skogkledde åsar på den andre.

Utearealet er svært familievenleg med god plass å boltre seg på. Garden grensar til Strandavassdraget med fin ferskvassaure. Båtutleige. Utgangspunktet er svært godt for ulike friluftaktivitetar som jakt og fiske, fjellturar, rafting, sykling etc. Om vinteren er utearealet vårt glimrande for alle slags aktivitetar (skileik, akebrett, kjelke). Me har flott utsikt mot skianlegget i Bavallen, og køyretida herifrå er ca. 10 min. Eenstunet er eit flott utgangspunkt for dagsturar til Flåm, Bergen og Hardanger, eller dagsturen «Norge i eit nøtteskal».

Sjå video frå Eenstunet!