
Aktivitetar
Det er få stader du finn så mange ulike aktivitetar på ein og same stad som på Voss. Her er noko for kvar smak om sommaren, og Voss er ein velkjend og variert vintersportsstad med flotte alpinanlegg og varierte turområde.
Eenstunet tilbyr dessutan eigne aktivitetar.

På garden
- Merka løyper i nærområdet, mellom anna til den finaste utsikta over Vossebygda
- Den flottaste fotballgolfbanen på Vestlandet
- Tilrettelagd grillplass med 30 sitjeplassar under tak om det skulle bli naudsynt
- Vedfyrt badestamp med plass til åtte i slengen – andre kan bade i kulpen i bekken
- Koseleg vedfyrt badstove med plass til åtte personar

