
Garden
Utearealet er svært familievenleg, med god plass å boltre seg på. Garden grensar til Strandavassdraget, med fin ferskvassaure. Utgangspunktet er svært godt for friluftsaktivitetar som jakt og fiske, fjellturar, rafting og sykling.
Eenstunet er òg eit flott utgangspunkt for dagsturar til Flåm, Bergen og Hardanger, eller dagsturen «Norge i eit nøtteskal».
Husa på tunet
Bygningane på garden, frå den eldste til den yngste.
1500–1600-talet
Den eldste årestova
Bustadhuset på garden. Seinare nytta til røyking av kjøt og brygging av vossaøl.
1665
Årestova
Innreidd med bord, benkar og eldstad. I dag nytta av lag og grupper, og til øl- og whiskysmaking.
1700–1800-talet
Bualoftet
Det gamle stabburet. I dag to leilegheiter, med dei lafta tømmerveggane bevarte.
1870
Gamlastovo
Åtte sengeplassar i fire soverom, og stor stove med vedomn.
1920
Kårhuset
Bygd som kårhus for den eldre generasjonen. I dag ti sengeplassar i fem soverom.
Kart over tunet
Tunet ligg langs vegen Ænsmoen, med fotballgolfbanen i bakken vest for husa.
Eenstunet er ope frå midten av april til midten av september.
