
Fotballgolf
Om sommaren har fotballgolf på Eenstunet vorte ein utruleg populær aktivitet, som lokkar fram konkurranseinstinktet både hos dei med ferdigheiter og hos dei som ikkje veit opp og ned på ein ball.

Ni hol i vakker natur
Niholsbanen vår ligg vakkert til i naturskjøne omgjevnader. Både kultur- og naturlandskapet er teke i bruk for å skape ein bane med særpreg.
Poenget er å flytte ballen frå utsparkspunktet til holet på færrast mogleg spark. Hola har varierande vanskegrad, med både naturlege og heimesnekra hinder. Fotballgolf er ein svært sosial aktivitet som høver for folk i alle aldrar – anten dei er amatørar eller «proffar» på det lokale oldboyslaget!
Prisar
| Gjeld | Éin runde | To rundar |
|---|---|---|
| Vaksen (over 14 år) | 125 kr | 220 kr |
| Barn | 75 kr | 120 kr |
| FamilieFar, mor og barn | 350 kr | 550 kr |
| Sesongkort | 1000 kr | — |
Grupperabatt for grupper på meir enn 15. Sesongen varer frå 1. mai til 1. oktober — sjå Facebook-sida vår for meir informasjon.
