
Overnatting
I dette tradisjonelle gardstunet kan du overnatte i koselege bygningar som har vore ein del av familien sitt daglegliv i generasjonar.
Midt i kulturlandskapet, med utsikt mot vatn, elvar og fjell i Vossebygda, er det lett å finne ro i sjela – samtidig som aktivitetane og naturopplevingane aldri er langt unna.

Gamlastovo
Gamlastovo frå 1870 har åtte sengeplassar fordelt på fire soverom. Ho har fullt utstyrt kjøkken, stove, og bad med dusj, badekar og toalett. I tillegg er det eit toalett i andre etasje.

Kårhuset
Kårhuset frå 1920 har ti sengeplassar fordelt på fem soverom, og er på om lag 80 m². Det har fullt utstyrt kjøkken, stove og bad med dusj og toalett, og i tillegg eit toalett i andre etasje.

Bualoftet
I stabburet frå 1700–1800-talet er det ei fire-sengs leilegheit på om lag 50 m² og ei åtte-sengs leilegheit på om lag 75 m².
Her er dei gamle lafta tømmerveggane og golva bevarte, og dei restaurerte romma er kledde med villmarkspanel. Leilegheitene har eige bad med dusj og toalett, fullt utstyrt kjøkken og TV.
Vil du bu hos oss?
Send oss ein førespurnad, eller ring 971 87 925 mellom kl. 16 og 22.