
Bualoftet
I det gamle stabburet frå 1700–1800-talet er det to leilegheiter. Her er dei gamle lafta tømmerveggane og golva bevarte, og dei restaurerte romma er kledde med villmarkspanel.
Bualoftet nede er ei fire-sengs leilegheit i fyrste etasje, med to soverom, stove, kjøkken og bad. Bualoftet oppe er ei åtte-sengs leilegheit i andre etasje, med to soverom og soveloft, stove, kjøkken og bad.
- Bygd
- 1700–1800-talet, som stabbur
- Nede
- 4 sengeplassar · 2 soverom · om lag 50 m²
- Oppe
- 8 sengeplassar · 2 soverom og soveloft · om lag 75 m²
- Bad
- Eige bad med dusj og toalett i kvar leilegheit
- Kjøkken
- Fullt utstyrt, i kvar leilegheit
- Trapp
- Bualoftet oppe ligg i 2. etasje
Bilete
Vil du bu i Bualoftet?
Send oss ein førespurnad, eller ring 971 87 925 mellom kl. 16 og 22.