Hopp til innhaldet
Eenstunet
Ring
Send førespurnad
Nedstelaoen dekt til bryllaup med lange bord

Stor dag, rund dag

Stor dag, rund dag, med mange eller få … Ei spesiell ramme rundt arrangementet er gjerne det folk tek med seg i minneboka.

På Eenstunet ligg alt til rette for ei flott feiring, eller ei minnerik samkome for firmaet eller laget.

Gamle reiskapar og bruksting i gardsmuseet
Gamle reiskapar og bruksting frå garden, i gardsmuseet i Nedstelaoen.

Nedstelaoen – forsamlingslokale og gardsmuseum

Mange vakre antikvitetar frå Een skapar ei unik ramme rundt tre langbord med plass til 50 gjester. Om naudsynt supplerer me med fleire bord og stolar.

Kjøkkenet er fullt utstyrt, med mellom anna industrioppvaskmaskin, kjølerom, fryseboks og komfyr.

Nedstelaoen med langbord

Ein ideell stad for feiring

Bryllaup, konfirmasjon, åremålsdagar eller slektstreff – og samkomer for lag og bedrifter. Kombiner gjerne festen med overnatting på tunet.