
Historie i veggene
Årestover har tradisjonar attende til vikingtida. Det var bustadhus der oppvarming og matlaging skjedde over ei open grue, med ljore i taket.
På garden har me to årestover som vitnar om den eldgamle soga til bruket. Kom og opplev!

Årestova frå 1665
I tunet står to gamle årestover. Den eine, bygd i 1665, er innreidd med bord og benkar, eldstad og ei mengd gamle ting som høyrer til på garden.
Stova vert brukt til sosialt samvær og er ideell for lag og grupper som vil ha ei unik oppleving i eit eldgamalt miljø. Her vert det mellom anna arrangert øl- og whiskysmaking, med ein meny som kan skreddarsyast etter ditt behov.

Gamal matkultur
Den andre årestova var bustadhuset på garden på 1500–1600-talet. Dei seinare åra har huset vore nytta til røyking av kjøt og til brygging av vossaøl.
