Stor dag, rund dag, med mange eller få... Ei spesiell ramme rundt arrangementet er gjerne det som folk tar med seg i minneboka.
På Eenstunet ligg alt til rette for ei flott flott feiring eller ei minnerik samkome for firmaet eller laget.
Nedstelaoen - forsamlingslokale og gardsmuseum
Mange vakre antikvitetar frå Een skapar ei unik ramme rundt tre langbord med plass til 50 gjester. Om naudsynt, supplerer me med fleire bord og stolar.
Kjøkkenet er fullt utstyrt. Her er også industrioppvaskmaskin, kjølerom, fryseboks, komfyr, m.m.
Ein ideell stad for feiring av bryllaup, konfirmasjon, åremålsdagar eller slektstreff. Også for lag og bedrifter.