I dette tradisjonelle gardstunet kan du overnatta i koselege bygningar som har vore ein del av familien sitt daglegliv i generasjonar.
Midt i kulturlandskapet, med utsikt mot vatn, elvar og fjell i Vossabygda, er det lett å finna ro i sjela samtidig som aktivitetane og naturopplevingane aldri er langt unna.
Gamlastovo
Gamlastovo frå 1870 har åtte sengeplassar fordelt på fire soverom. Den har fullt utstyrt kjøkken, stove og bad med dusj, badekar og toalett. I tillegg er det eit toalett i 2. etasje.
Kårhuset
Kårhuset frå 1920 har ti sengeplassar fordelt på fire soverom. Det har fullt utstyrt kjøkken, stove og bad med dusj og toalett. I tillegg eit toalett i 2. etasje. Kårhuset er på ca. 80m2.
Bualoftet
I stabburet frå 1700–1800 talet er det ei 4–sengs leilegheit på ca 50m2 (2 soverom), og ei 8–sengs leilegheit på ca 75 m2 (3 soverom).
Her er dei gamle lafta tømmerveggane og golva bevarte, og dei restaurerte romma er kledde med villmarkspanel. Leilegheitene har eige bad med dusj og toalett, fullt utstyrt kjøkken og TV.